Programvare som passar måten de jobbar på
Eg lagar appar og nettløysingar for bedrifter som vil bort frå Excel-ark, lappar og telefonkø – bygd for folk på vegen, på lageret og på kontoret.
Kva eg kan hjelpe med
Frå ein liten app som løyser eitt irriterande problem, til eit heilt system som bind saman kontor og felt.
Appar på mål
Mobilappar for iPhone og Android til sjåførar, montørar og folk i produksjonen – enkle å bruke med arbeidshanskar på.
Nettløysingar og portalar
Oversikt for kontoret, kundeportalar og dashbord som viser status i sanntid – utan at nokon må ringe rundt.
Automatisering i Microsoft 365
Power Apps, SharePoint-lister og Power Automate som tek over manuelle rutinar, til dømes vedlikehald og lagerteljing.
Flåtestyring for transportfirma
Eitt system for oppdrag, sjåførar og bilar. Kontoret planlegg, sjåføren får oppdraget i appen, og kunden ser når lasset kjem. Det de ikkje treng, slår de av – de betaler per bil.
- Planlegging og sjåførappFordel lass, send oppdrag rett til telefonen, følg status frå planlagt til levert.
- Sporing og varselLive kart og forventa framkomst. Kunden får lenke og SMS – utan innlogging.
- Fraktbrev, ventetid og fakturaDokumentasjon samla per lass, og ventetid blir til fakturagrunnlag automatisk.
- Bilpark og servicePåminning om EU-kontroll og service før det blir eit problem.
Slik jobbar vi saman
Ingen store prosjekt på papiret før de har sett at det verkar.
Kartlegging
Vi går gjennom korleis de jobbar i dag, og kva som tek mest tid.
Prototype
De får klikke dykk gjennom ei løysing før noko blir bygd ferdig.
Pilot
Ein liten del av firmaet testar i verkelegheita, og vi justerer undervegs.
Drift og vidare
Trygg drift, oppdateringar og nye funksjonar når behovet kjem.
Lokal utviklar, kort veg
Flæte Design er eit lite firma på Voss, drive av Sondre Flæte. Eg har bakgrunn frå industri og produksjon og har sjølv laga digitale verktøy for vedlikehald og lager – derfor startar eg alltid med korleis arbeidet faktisk blir gjort.
Når de tek kontakt, snakkar de med han som byggjer løysinga. Data blir lagra trygt, og sikkerheit og personvern er med frå første dag.
Har de ein idé eller eit problem?
Send ein e-post, så tek vi ein uforpliktande prat.